Så går vi rundt om...

Så er enno eit år til ende. Eit år med gleder, og eit år med sorger. 17. mai syng me at "tidi ho renn som elv mot os, brått skifter sumar med vetter". Til jul syng me "tider skal komme, tider skal henrulle"... Jesus seier: "eg er med dykk alle dagar"! Det er vel det beste nyttårløftet me kan få smiley

Me ynskjer alle som på ein eller annan måte har hatt kontakt med Betel eit riktig godt og velsigna nytt år!

Vi tende julegrana

Også i Fakkeltoget 2011år vart det arrangert fakkeltog med påfølgande tenning av julegran og smak av julebakst 1. søndag i advent. Nærare 100 personar, store og små hadde funne vegen til Grasdal skule og Betel på Moldekleiv. Sjå glimt frå arrangementet i dette albumet.


Arrangementet var eit samarbeid mellom Austebygda fritidspark, pinsemenigheten Betel og Ungdomslaget Varden

Back to Basic 2011 - eit tilbakeblikk

Me har hatt ei super helg! Flott fokus, god undervisning og gode menneske. Men mest av alt - ein god Gud. Ein som elskar oss slik me er. Ikkje fordi me er perfekte, men fordi han skapte oss i sitt bilete. Sjå nokre bilete frå helga her...

Om Pinsemenigheten Betel

Pinsemenigheten Betel



  • Praktiserer eit ope gudstenestefellesskap der alle som vil vera med, er hjarteleg velkomne. Hovudsamlinga er søndag kl. 11 eller kl. 19.00.

  • Har tilbod for born (Betel Kidz) og ten-klubb (BTK) med hobbyaktivitetar for dei frå 6. til 10. klasse.

  • Dei siste åra har ein også hatt bibelgruppe og eigne samlingar for ungdom (Ablaze).

  • Driv misjonsarbeid gjennom støtte til arbeid i Afrika og Israel.

  • Betel Fjernadopsjon underheld og hjelper fattige born og barneheimsborn i India.

  • Driv Radio PR i lag med dei andre pinsemenighetene i Nordhordland.


Menigheten har forstandar (pastor) i halv stilling. Menigheten er registrert hjå fylkesmannen, har vigselsrett og tek seg av gravferder.


Du kan klikka her for å lesa meir om pinserørsla generelt.


Du er hjarteleg velkomen!


Syndiker innhold