Barn og unge

Vi tende julegrana

Også i Fakkeltoget 2011år vart det arrangert fakkeltog med påfølgande tenning av julegran og smak av julebakst 1. søndag i advent. Nærare 100 personar, store og små hadde funne vegen til Grasdal skule og Betel på Moldekleiv. Sjå glimt frå arrangementet i dette albumet.


Arrangementet var eit samarbeid mellom Austebygda fritidspark, pinsemenigheten Betel og Ungdomslaget Varden

Back to Basic 2011 - eit tilbakeblikk

Me har hatt ei super helg! Flott fokus, god undervisning og gode menneske. Men mest av alt - ein god Gud. Ein som elskar oss slik me er. Ikkje fordi me er perfekte, men fordi han skapte oss i sitt bilete. Sjå nokre bilete frå helga her...

Kent Andersen i Betel

Fredag kveld startar ungdomshelga ”Back to Basic 11” i Betel med Kent Andersen som talar. Kent Andersen er misjonær og menighetsleiar i byen Braunau i Østerrike, der dei har opplevd framgang for evangeliet dei siste åra. Mellom anna har dei bygt nytt kyrkjebygg på ca. 1600 m2, og dei har sett i gong ungdomsarbeid. Braunau er ikkje nokon stor by – der bur under 20.000 menneske –, men Kent er spesielt oppteken av at dei fleste menneske i Europa bur i små og mellomstore byar eller i tettstader på landsbygda.

Difor synest han også det er ei spennande reise å sjå stader der bestefaren, Roald Andersen, gjorde teneste som predikant. Dei over førti hugsar vel at han var forstandar i Pinsekirken Tabernaklet i Bergen i 13 år fram til 1979, men dei eldre i Betel veit også at han kom til Rossland berre 17 år gammal i 1933.

Han reiste då saman med Willie Hagen. Desse to begynte med husmøte i stova til Ludvig Vikebø. (På biletet ser vi Kent framfor løa og huset på Vikebø.)

Jarle Waldemar til Betania, Knarvik 30. november

Jarle Waldemar kjem til Betania, Knarvik og vil synga i lag med barn frå nærområdet 30. november. Les meir her...

Back to Basic!

Det er igjen tid for høstens store begivenhet: Back 2 Basic!
Ungdommene arrangerer møtehelg - men alle er hjertelig velkommen!

I år har vi med oss Europamisjonær Kent Andersen, fra Østerrike, og vi gleder oss til å høre hva han vil dele med oss.
Våre egne "The Betels" skal lede oss i lovsang noe av tiden, og ellers er også det fantastiske LINK-bandet, fra Alversund med oss.

I år vil vi flytte blikket fra våre egne navler, og ta opp en kollekt til støtte for Betel Fjernadopsjon. Øystein Valde kommer til å dele kort fra turen han nettopp hadde til India.

Programmet er som følger:

Fredag:
Oppstartsmøte kl 20.00

Lørdag:
Seminar kl 15.00 (med noe godt å bite i etterpå)
Lørdagsmøte kl 19.00
Lovsangskonsert kl 22.00

Søndag:
Formiddagsmøte kl 11.00

Vi ber om at det blir ei bra helg, der mennesker får møte Gud!

Hjertelig velkommen til alle - både unge og eldre!

Betel Kidz med musikkvideo

Barne- og ungdomsarbeid

På veg opp til FilefjellBetel har i lang tid drive eit utstrakt barne- og ungdomsarbeid. I menyen til venstre vil du finna meir informasjon om dette viktige arbeidet.

 

 

BTK - Betel TenKlubb

Eit positivt og trygt miljø med Jesus som forbilde

BTK er ein stor del av tenåringsarbeidet i menigheten. Målgruppa er 6.-10.klasse. Annakvar fredag møtest rundt 40 tenåringar kl.19.00-22.00 på Betel. Der samlast vi først til ei stund med andakt, song og ulike innslag. Etter dette går vi til ulike aktivitetar, som blant anna idrett, forming, singstar, spel og leik, bordtennis og film. Til slutt samlast vi alle igjen i peisestua der kiosken er åpen. Mange kjekke leiarar stiller opp kvar kveld for at miljøet på BTK skal vera positivt og trygt.

ABLAZE: Ungdomsmøte

Vi vil sjå ungdommar møta Jesus, og bli forandra til å leva sine liv i etterfølgelse av Han!

Annakvar fredag kjem ungdommar saman for å lovsyngja, høyra ein andakt, be saman og dela vitnesbyrd om kva Jesus gjer i deira liv. Ungdommane ser det som viktig å møta anna kristen ungdom og bli oppmuntra til å ta Jesus med i kvardagen. Etter møtet åpnar vi kafèen, og alle gjer sitt for at fellesskapet skal vera inkluderande!

Syndiker innhold