Betel

Møte med Elizabeth og Robert Muren

Søndag 15. januarElizabeth og Robert Muren kl. 17.00 blir Elizabeth og Robert Muren med på fellesmøte i Betania Knarvik. Vi kjenner dei frå fleire besøk heilt sidan rundt 2000 då dei reiste til Israel.


Elizabeth hadde ein sterk trang til å finna fram til og støtta dei som hadde vore offer for Holocaust, og som på den tida hadde blitt eldre menneske, og samstundes hadde dei eit ønskje om å formidla til israelarane at Gud ikkje har gløymt folket sitt. Det siste oppnådde dei i stor grad gjennom scene-musikalen The Covenant (pakta) som gjennom fleire år vart vist på store scener rundt om i Israel i tillegg til i USA, Spania, Tyskland og i vårt land. Berre i Israel var det meir enn 50.000 som såg musikalen, særleg skuleelevar og soldatar, men også mange andre.

Så går vi rundt om...

Så er enno eit år til ende. Eit år med gleder, og eit år med sorger. 17. mai syng me at "tidi ho renn som elv mot os, brått skifter sumar med vetter". Til jul syng me "tider skal komme, tider skal henrulle"... Jesus seier: "eg er med dykk alle dagar"! Det er vel det beste nyttårløftet me kan få smiley

Me ynskjer alle som på ein eller annan måte har hatt kontakt med Betel eit riktig godt og velsigna nytt år!

Vi tende julegrana

Også i Fakkeltoget 2011år vart det arrangert fakkeltog med påfølgande tenning av julegran og smak av julebakst 1. søndag i advent. Nærare 100 personar, store og små hadde funne vegen til Grasdal skule og Betel på Moldekleiv. Sjå glimt frå arrangementet i dette albumet.


Arrangementet var eit samarbeid mellom Austebygda fritidspark, pinsemenigheten Betel og Ungdomslaget Varden

Back to Basic 2011 - eit tilbakeblikk

Me har hatt ei super helg! Flott fokus, god undervisning og gode menneske. Men mest av alt - ein god Gud. Ein som elskar oss slik me er. Ikkje fordi me er perfekte, men fordi han skapte oss i sitt bilete. Sjå nokre bilete frå helga her...

Kent Andersen i Betel

Fredag kveld startar ungdomshelga ”Back to Basic 11” i Betel med Kent Andersen som talar. Kent Andersen er misjonær og menighetsleiar i byen Braunau i Østerrike, der dei har opplevd framgang for evangeliet dei siste åra. Mellom anna har dei bygt nytt kyrkjebygg på ca. 1600 m2, og dei har sett i gong ungdomsarbeid. Braunau er ikkje nokon stor by – der bur under 20.000 menneske –, men Kent er spesielt oppteken av at dei fleste menneske i Europa bur i små og mellomstore byar eller i tettstader på landsbygda.

Difor synest han også det er ei spennande reise å sjå stader der bestefaren, Roald Andersen, gjorde teneste som predikant. Dei over førti hugsar vel at han var forstandar i Pinsekirken Tabernaklet i Bergen i 13 år fram til 1979, men dei eldre i Betel veit også at han kom til Rossland berre 17 år gammal i 1933.

Han reiste då saman med Willie Hagen. Desse to begynte med husmøte i stova til Ludvig Vikebø. (På biletet ser vi Kent framfor løa og huset på Vikebø.)

Gjevarteneste

Arbeidet i Betel er basert på frivillige gåver. Som fast givar via bank kan du få skattefrådrag. Ta kontakt dersom du kan tenkja deg det.

Misjonskasse: 3632 07 03705

Betel Fjernadopsjon: 3632 19 45613

Menighetskassen: 3632 07 02784

Adresser og telefon-nummer

Besøksadresse:
Betel Frekhaug,
Sjøvegen 1
Moldekleiv
N-5918 FREKHAUG

For å koma til Betel frå Lindås eller Bergen: Ta av frå E39 på Flatøy, køyr mot Holsnøy (Frekhaug). Ta av mot Odland med det same du kjem i land på Holsnøy. Betel ligg tett ved vegen etter ca. 2 km. Klikk her for å sjå eit kart og finna kjørerute frå der du er.

 

Postadresse:
Betel Frekhaug,
c/o Øystein valde
Boks 35
N-5906 FREKHAUG

Om Pinsemenigheten Betel

Pinsemenigheten Betel



  • Praktiserer eit ope gudstenestefellesskap der alle som vil vera med, er hjarteleg velkomne. Hovudsamlinga er søndag kl. 11 eller kl. 19.00.

  • Har tilbod for born (Betel Kidz) og ten-klubb (BTK) med hobbyaktivitetar for dei frå 6. til 10. klasse.

  • Dei siste åra har ein også hatt bibelgruppe og eigne samlingar for ungdom (Ablaze).

  • Driv misjonsarbeid gjennom støtte til arbeid i Afrika og Israel.

  • Betel Fjernadopsjon underheld og hjelper fattige born og barneheimsborn i India.

  • Driv Radio PR i lag med dei andre pinsemenighetene i Nordhordland.


Menigheten har forstandar (pastor) i halv stilling. Menigheten er registrert hjå fylkesmannen, har vigselsrett og tek seg av gravferder.


Du kan klikka her for å lesa meir om pinserørsla generelt.


Du er hjarteleg velkomen!


Hånd i Hanske 2011

Kurset vart avvikla som annonsert 28. og 29. januar med Lotta og Aril Svartdahl som kurshaldarar. Aril stod for det meste av undervisninga medan Lotta sitt bidrag hadde hovudvekt på song/lovsong.

Haustmessa 2010

Haustmessa 2010 gjekk av stabelen 23. oktober. Inntekta på vel 60.000 gjekk til Betel Fjernadopsjon og til Bent og Regine Lindberg sitt arbeid i sultramma Niger.

Sjå reportasje frå Haustmessa på TV Nordhordland her...

Syndiker innhold