Betel og misjon

Misjon har alltid vore ein viktig del av arbeidet på Betel. Gjevartenesta har tradisjonelt sett bestått av to delar; ein til den daglege drifta av menigheten, ein annan til misjon. Dei seinare åra har det årleg vorte arrangert ei messe der inntekta uavkorta går til Betel Fjernadopsjon. Her kan du lesa meir om dei forskjellige stadane Betel Frekhaug er involvert i misjonsarbeid.

Pinsevenene har alltid lagt vekt på å ansvarleggjera lokalmenigheten i misjonsarbeidet. I praksis har dette fungert slik at større menigheter har hatt sendar- eller arbeidsgjevar-ansvar for misjonærar. Mindre menigheter har gjerne knytta seg til dei større sitt arbeid. Eit viktig element i det å ansvarleggjera lokalmenigheten er kontakten med misjonærane som ein støttar. Pinsemenigheten Betel har oftast støtta misjonærar som er sende ut av Pinsekirken Tabernaklet i Bergen, men vi har også hatt og har samarbeid med menigheter i andre deler av landet.

Sjå menyen til venstre for meir informasjon.