Israel

Møte med Elizabeth og Robert Muren

Søndag 15. januarElizabeth og Robert Muren kl. 17.00 blir Elizabeth og Robert Muren med på fellesmøte i Betania Knarvik. Vi kjenner dei frå fleire besøk heilt sidan rundt 2000 då dei reiste til Israel.


Elizabeth hadde ein sterk trang til å finna fram til og støtta dei som hadde vore offer for Holocaust, og som på den tida hadde blitt eldre menneske, og samstundes hadde dei eit ønskje om å formidla til israelarane at Gud ikkje har gløymt folket sitt. Det siste oppnådde dei i stor grad gjennom scene-musikalen The Covenant (pakta) som gjennom fleire år vart vist på store scener rundt om i Israel i tillegg til i USA, Spania, Tyskland og i vårt land. Berre i Israel var det meir enn 50.000 som såg musikalen, særleg skuleelevar og soldatar, men også mange andre.

Israel

Dei kristne kyrkjene har historisk hatt eit dårleg forhold til jødefolket. Dette har kome til uttrykk gjennom forfølgjing av jødane i Europa heilt sidan middelalderen. Det toppa seg med nasistane sine utryddingsleirar under 2. verdskrigen der 6 mill. jødar vart drepne. I 1948 fekk jødane sin eigen stat, Israel, men her er det ikkje fritt fram for å driva misjon. Kristne som ønskjer å gjera evangeliet kjent i Israel, har difor brukt ulike innfalsportar i dette landet, anten direkte sosialt arbeid eller ulike former for støtte til oppbygging av landet.

Visumproblem for Elizabeth og Robert

Visum enno ikkje klart likevel!

Nyhetsbrev frå Elizabeth og Robert

Nytt frå Elizabeth og Robert

Kjære vener.

Her er ei helsing frå familien Muren. Nokre har lurt på korles det er med oss i Israel. For tida er vi faktisk ikkje i Israel men på reise omkring i Noreg og er forsåvidt langt frå dramatikken som utspelar seg der. Vi vonar på fredelegare tider i Israel og ser ikkje med uro på å skulle dra attende dit.

Nytt frå Elizabeth og Robert

Kjære vener.
Då er vi vel attende i Israel etter 5 månader på farten i utlandet, og er no i full gong med førebuingar av oppsettingane av The Covenant i Jerusalem.

Nyhendebrev frå familien Muren juli 2008

Kjære vener.
Her fylgjer eit livsteikn frå familien Muren, denne gongen frå Houston i Texas! Vi er stadig på farten og er stadig i arbeid med nye ting i musikalarbeidet vårt. Vi har mykje nytt å dele og vonar du vil lese litt!

Nyhendebrev frå familien Muren april 2008

Her er nyhendebrevet frå Robert og Elizabeth frå april 2008. Spanande lesing!

 

 

 

 

Elizabeth og Robert er ferdig med Jesus-musikalen!

Les det vedlagte julebrevet frå Elizabeth og Robert.

Jesusmusikalen - enno meir frå familien Muren i Jerusalem

Familien Muren er godt i gong med enno ein musikal. Denne skal konsentera seg om historia rundt Jesus. Og så har dei også anna kjekt nytt; familieauke ;-) Les nyhendebrevet deira som vedlegg under...

 

 

Syndiker innhold