Misjon

Besøk frå India

Pastor Subhash Samuel talar på møtet Søndag 16. sept. kl. 11.00. Han overtok som leiar for kyrkja i Katihar fleire år før misjonær Randi Haugstvedt avslutta si teneste i India tidleg på 1990-talet.

Pastor Samuel er leiar for eit stort arbeid ut i frå menigheten i Katihar. For oss er det viktig at han styrer største delen av Betel Fjernadopsjon si hjelp til fattige barn. Men menigheten har også utviklingsprosjekt retta spesielt mot dalitbarna (dei kastelause), og dei driv bibelskule og evangelisering ut i frå denne i Siliguri, lenger nord i landet. Han kjem til å fortelja frå arbeidet, men først og fremst vil han tala i møtet.

Haustmessa 2012

6. oktober frå kl. 11 er det Glimt frå Haustmessa 2011haustmesse att i Grasdal skule. Også i år går inntekta til Betel Fjernadopsjon og er på den måten med på å bidra til det viktige arbeidet Betel Fjernadopsjon gjer i India.

Betel Fjernadopsjon treng også fleire faddrar. For ein fast sum kvar månad kan du støtta eit born slik at det får skulegang, mat og anna som me reknar som sjølvsagt. Les meir om dette her, eller meld deg som fadder med ein gong her...

Elles må du gjerne la bilda frå haustmessa 2011 frista deg til å koma i årwink

Vel møtt!

Aksjon SOS Ukraina

Situasjonen for fattige barn og familier i Øst Ukraina er tragisk pga. krig. Nå kan du være med å hjelpe. Aksjon SOS Ukraina arrangeres av lokale menigheter i samarbeid med Halvard Hasseløy og Open Hearts hjelpearbeid til Ukraina.

Aksjonens egne trailere vil være på Knarvik gamle fergekai på følgende datoer:

  • Fredag 18.09 kl 14 til 18
  • Lørdag 19.09 kl 10 til 14

Rene og hele klær og sko pakkes i plastsekker. Fraktgebyr kr 50 pr. sekk er ønskelig. Ring tlf 92 89 15 25 for mer informasjon.

Velkommen også til møte på Betania Knarvik lørdag 19.09 - kl 1900 der Halvard Hasseløy taler!

Ein minnerik tur til India 2011

Klikk her for å lesa ein interessant artikkel av Torolf Karlsen. Her er innsamlinga Betel Fjernadopsjon hadde for å kjøpa tepper til bruk i kulda nevnt spesielt.

Sør-Amerika

Misjonærane Inger Johanne og Inge Bjørnevoll reiste til Paraguay rundt 1970, og der har dei vore engasjerte i ulike typar arbeid det meste av tida som er gått sidan. Det har vore tale om undervisning, sosialt arbeid og sjølvsagt evangelisering og menighetsbygging. Inger Johanne er sjukepleiar, og har hatt god bruk for denne kompetansen i sitt arbeid, medan Inge, som er lærar, har lært seg indianarspråket guarani, og i mange år har han vore engasjert i eit prosjekt for å skaffa lærebøker til dei som har dette språket til morsmål. Betel har vore engasjert i Paraguay i ca 30 år.

Afrika

Pinsevenene sitt største misjonsland i Afrika har fram til 1990-talet vore Kongo. På grunn av opprør og krig, har arbeidet dei siste 15 åra vore mindre basert på misjonærane sin innsats og meir på å støtta lokale kyrkjer. Betel støtta i ein del år arbeidet i Kongo fast.

Andre viktige misjonsland for oss er Kenya, India og Paraguay.

Israel

Dei kristne kyrkjene har historisk hatt eit dårleg forhold til jødefolket. Dette har kome til uttrykk gjennom forfølgjing av jødane i Europa heilt sidan middelalderen. Det toppa seg med nasistane sine utryddingsleirar under 2. verdskrigen der 6 mill. jødar vart drepne. I 1948 fekk jødane sin eigen stat, Israel, men her er det ikkje fritt fram for å driva misjon. Kristne som ønskjer å gjera evangeliet kjent i Israel, har difor brukt ulike innfalsportar i dette landet, anten direkte sosialt arbeid eller ulike former for støtte til oppbygging av landet.

Om Betel Fjernadopsjon

Betel fjernadopsjon (BFA) har sidan 1977 vore drive av Pinsemenigheten Betel, Frekhaug.

BFA er eit sosialt hjelpearbeid konsentrert om følgjande område:

  • Fjernadopsjon – for 200 kr pr. mnd. får eit fattig barn mat, klede og skulegang.
  • Støtte til skuledrift.
  • Skulemåltid til fattige barn som bur heime og kjem på skulen utan matpakke.


Katihar er distriktshovudstad i eit område med same namn, som ligg i staten Bihar, nordaust India. Ca. 5 km frå byen er det ein internatskule for 150 gutar. Nesten alle desse får hjelp frå BFA. I tillegg får ca 50 barn, fordelt på to andre stader i området hjelp til livsopphald og skule.

Dei fleste barna får hjelp til dei er 17 år. Nokre får hjelp til vidare utdanning på høgskule eller universitet.

Arbeidet blir drive på dugnad. Difor er administrasjonskostnadene små, under 1% dei siste
åra. Det betyr at meir enn 99 av 100 kroner blir brukte til arbeidet i India.

Rett som det er ynskjer enkelte å dela gåver dei får t.d. i samband med ein rund dag, med Betel Fjernadopsjon. Dette er sjølvsagt svært kjærkomne gåver som Betel Fjernadopsjon set stor pris på. Ynskjer du å dela di gåve kan du nytta kontonummer 3632 19 45613.

Klikk her for å bli fadder i Betel fjernadopsjon...

Historie:

Historien til dette hjelpearbeidet for fattige barn i eit av dei fattigaste område i India går over 30 år tilbake i tid. Tidleg på 70-talet delte Indremisjonen i Austebygda (Hestnes bedehus) og pinsemenigheten, som då heldt til i Betel på Hestdal ei testamentarisk pengegåve etter I. Hestdal. Vi brukte ein del av pengane til ei enkel oppussing av bedehuset og så fekk vi samstundes skifta ut dei gamle trebenkene med stolar, men framleis hadde vi ein del pengar att, som vi gjerne ville investera i arbeidet i Guds rike. Eit besøk av misj. Randi Haugstvedt frå Bergen sette oss på tanken at vi ville hjelpa menigheten i Katihar i India med den nye kyrkja som var under oppføring der. Det vart så teke opp, vedteke og gjennomført. I samband med at kyrkja skulle innviast, fekk Amund Valde, dåverande

Betel og misjon

Misjon har alltid vore ein viktig del av arbeidet på Betel. Gjevartenesta har tradisjonelt sett bestått av to delar; ein til den daglege drifta av menigheten, ein annan til misjon. Dei seinare åra har det årleg vorte arrangert ei messe der inntekta uavkorta går til Betel Fjernadopsjon. Her kan du lesa meir om dei forskjellige stadane Betel Frekhaug er involvert i misjonsarbeid.

Syndiker innhold