Afrika

Pinsevenene sitt største misjonsland i Afrika har fram til 1990-talet vore Kongo. På grunn av opprør og krig, har arbeidet dei siste 15 åra vore mindre basert på misjonærane sin innsats og meir på å støtta lokale kyrkjer. Betel støtta i ein del år arbeidet i Kongo fast.

Andre viktige misjonsland for oss er Kenya, India og Paraguay.

Vi har i mange år støtta arbeid i Kenya gjennom kontakt med misjonærane Gunnveig og Ernst Knudsen. Dette har frå først av samanheng med at Gunnveig Færøy Knudsen er frå Bergen og Austrheim. Dei er no heime, busette i Oslo, men dei er framleis engasjerte i eit ”Mikro-finans”-prosjekt i Kenya. Det handlar om at kvinner fSammen med Grace og Rodah på tur til en kvinnegruppeår låna pengar til å starta si eiga verksemd. Dermed blir dei økonomisk uavhengige og kan skaffa familien mat, hus og ikkje minst elementær utdanning til borna. Vi støttar dette prosjektet, men støtta er avgrensa i tid, ettersom det er meininga at det etter nokre år skal vera sjølvfinansierande; då har dei som fekk lån dei første åra, betalt tilbake, og pengane kan gå ut til nye låntakarar. Ei viktig side ved dette prosjektet er undervisning om korleis ein driv forretning og forvaltar økonomiske midlar.

 

Biletet viser Gunveig, Grace og Rodah.

Dei to kenyanske kvinnene er dei som leier arbeidet med mikro-finans. Tidlegare og til dels enno har dei vore resurspersonar i eit stort alfabetiseringsprosjekt som har teke sikte på å læra kvinner å lesa og skriva. Båden Rodah og Grace har besøkt Betel.