Om Betel Fjernadopsjon

Betel fjernadopsjon (BFA) har sidan 1977 vore drive av Pinsemenigheten Betel, Frekhaug.

BFA er eit sosialt hjelpearbeid konsentrert om følgjande område:

  • Fjernadopsjon – for 200 kr pr. mnd. får eit fattig barn mat, klede og skulegang.
  • Støtte til skuledrift.
  • Skulemåltid til fattige barn som bur heime og kjem på skulen utan matpakke.


Katihar er distriktshovudstad i eit område med same namn, som ligg i staten Bihar, nordaust India. Ca. 5 km frå byen er det ein internatskule for 150 gutar. Nesten alle desse får hjelp frå BFA. I tillegg får ca 50 barn, fordelt på to andre stader i området hjelp til livsopphald og skule.

Dei fleste barna får hjelp til dei er 17 år. Nokre får hjelp til vidare utdanning på høgskule eller universitet.

Arbeidet blir drive på dugnad. Difor er administrasjonskostnadene små, under 1% dei siste
åra. Det betyr at meir enn 99 av 100 kroner blir brukte til arbeidet i India.

Rett som det er ynskjer enkelte å dela gåver dei får t.d. i samband med ein rund dag, med Betel Fjernadopsjon. Dette er sjølvsagt svært kjærkomne gåver som Betel Fjernadopsjon set stor pris på. Ynskjer du å dela di gåve kan du nytta kontonummer 3632 19 45613.

Klikk her for å bli fadder i Betel fjernadopsjon...

Historie:

Historien til dette hjelpearbeidet for fattige barn i eit av dei fattigaste område i India går over 30 år tilbake i tid. Tidleg på 70-talet delte Indremisjonen i Austebygda (Hestnes bedehus) og pinsemenigheten, som då heldt til i Betel på Hestdal ei testamentarisk pengegåve etter I. Hestdal. Vi brukte ein del av pengane til ei enkel oppussing av bedehuset og så fekk vi samstundes skifta ut dei gamle trebenkene med stolar, men framleis hadde vi ein del pengar att, som vi gjerne ville investera i arbeidet i Guds rike. Eit besøk av misj. Randi Haugstvedt frå Bergen sette oss på tanken at vi ville hjelpa menigheten i Katihar i India med den nye kyrkja som var under oppføring der. Det vart så teke opp, vedteke og gjennomført. I samband med at kyrkja skulle innviast, fekk Amund Valde, dåverande forstandar i Betel, invitasjon til India. Han takka ja og reiste til India i slutten av januar 1977. Etter den turen begynte eit hjelpearbeid som utvikla seg til Betel Fjernadopsjon. I samband med 20-årsmarkeringa skildrar Amund Valde opptakten slik:

Det var i februar 77 eg hadde min første tur til India. Før eg reiste hadde eg i tankane å ordna det slik at søndagsskulen vår skulle underhalda eit barn der. Inntrykket under det besøket var overveldande. Eg tok opp ein del film som eg viste her heime og snart kom den eine etter den andre og spurde om dei kunne få underhalda eit barn. Eg forstod då at Gud hadde lagt ei oppgåve i mine hender og gjekk straks aktivt inn for å skaffa hjelp til fattige born. Etter nokre år hadde eg i kartoteket mitt namn på mellom 200 og 300 born som fekk hjelp frå Betel Fjernadopsjon.

Norske pinsevenner hadde starta misjonsarbeid i denne delen av Biharprovinsen straks etter krigen, og då Amund Valde var der første gongen, møtte han tre av pionerane:

Borghild Rødtang frå Narvik, som arbeidde i Manihari, Emma Kaland frå Austrheim og nabolaget til Mongstad-anlegget; ho hadde arbeidsbase i Dandkora og Randi Haugstvedt frå Bergen, som var i Katihar. Då desse reiste til India, gjekk det greitt å få opphaldsløyve for misjonærar. Etter nokre år vart det slutt på at misjonærar kunne bu og arbeida i India, og dei tre kvinnene la alle mykje energi i å læra opp medarbeidarar som kunne halda fram når dei sjølv måtte gje seg. Arbeidet blir no drive heilt av indiske medarbeidarer.

Katihar er den største byen med nærmare 200.000 innbyggjarar, Dandkora er nærmast ein landsby ei mils veg frå Katihar og Manihari er ein mindre by 2-3 mil unna. På alle desse tre stadene er BFA engasjert i eit hjelpearbeid for fattige barn. Arbeidet går på tre område:

  • Hjelp til drift av ein skule
  • Fjernadopsjon av fattige barn med kr 2400 pr. år.
  • "Eitt måltid" – mat til fattige skuleborn som bur heime, men ikkje har råd til skulemat.