Israel

Dei kristne kyrkjene har historisk hatt eit dårleg forhold til jødefolket. Dette har kome til uttrykk gjennom forfølgjing av jødane i Europa heilt sidan middelalderen. Det toppa seg med nasistane sine utryddingsleirar under 2. verdskrigen der 6 mill. jødar vart drepne. I 1948 fekk jødane sin eigen stat, Israel, men her er det ikkje fritt fram for å driva misjon. Kristne som ønskjer å gjera evangeliet kjent i Israel, har difor brukt ulike innfalsportar i dette landet, anten direkte sosialt arbeid eller ulike former for støtte til oppbygging av landet.

Elizabeth og Robert Muren har hatt ein fantastisk respons på musikalen The Covenant (norsk: Pakta) som dei Familien Muren i Israelskreiv for nokre år sidan. Den viser glimt frå jødefolket si historie frå Abraham til denne dag. Gjennom korte forteljar-tekster og songar får vi scener frå m.a. Abraham, Moses, Rut, David og Daniel. Ei scene er frå evangelia om Jesus og vidare er det historiske scener frå jødane sitt liv i Europa fram til Holocaust. Musikalen vart skriven på engelsk, og har vore sett opp fleire gonger kvart år på ulike stader i Israel, ikkje minst har mange soldatar sett framsyningane. No er tekstane omsette til hebraisk. Ryggraden i framstillinga er dei bibelske forteljingane og profetordet. Tanken har vore å formidla til israelarane kva Gud har lova dette folket.

For tida er Elizabeth og Robert i gong med å skriva ein ny musikal.