Sør-Amerika

Misjonærane Inger Johanne og Inge Bjørnevoll reiste til Paraguay rundt 1970, og der har dei vore engasjerte i ulike typar arbeid det meste av tida som er gått sidan. Det har vore tale om undervisning, sosialt arbeid og sjølvsagt evangelisering og menighetsbygging. Inger Johanne er sjukepleiar, og har hatt god bruk for denne kompetansen i sitt arbeid, medan Inge, som er lærar, har lært seg indianarspråket guarani, og i mange år har han vore engasjert i eit prosjekt for å skaffa lærebøker til dei som har dette språket til morsmål. Betel har vore engasjert i Paraguay i ca 30 år.