Hånd i Hanske 2011
Kurset
vart avvikla som annonsert 28. og 29. januar med Lotta og Aril Svartdahl som kurshaldarar. Aril stod for det meste av undervisninga medan Lotta sitt bidrag hadde hovudvekt på song/lovsong.
41 deltakarar gjennomførde kurset, der fredagskvelden var i Betania Knarvik og ei lang økt laurdag formiddag og ettermiddag var i Betel på Moldekleiv. Her vart det og servert ein varm lunsj. Det er ikkje så lett å gjennomføra 12 kurstimar etter ei travel arbeidsveke, men konsentrasjonen i undervisningsøktene og stemninga i pausane sa alt om at dette var det god grunn til å prioritera. Konkret og praktisk undervisning pluss songstundene gjorde at dei fleste sikkert tenkte at dette smaka meir av åndeleg mat enn av kurs.
"Dette skulle heile menigheten fått oppleva", var ein gjennomgåande replikk, og det kan nok vera at ein vil vurdera å gjennomføra kurset ein gong ved eit seinare høve.
Søndag formiddag vart ein flott finale med godt frammøte i Betel.
Du kan sjå fleire bilete her...
