Kent Andersen i Betel
Fredag kveld startar ungdomshelga ”Back to Basic 11” i Betel med Kent Andersen som talar. Kent Andersen er misjonær og menighetsleiar i byen Braunau i Østerrike, der dei har opplevd framgang for evangeliet dei siste åra. Mellom anna har dei bygt nytt kyrkjebygg på ca. 1600 m2, og dei har sett i gong ungdomsarbeid. Braunau er ikkje nokon stor by – der bur under 20.000 menneske –, men Kent er spesielt oppteken av at dei fleste menneske i Europa bur i små og mellomstore byar eller i tettstader på landsbygda.
Difor synest han også det er ei spennande reise å sjå stader der bestefaren, Roald Andersen, gjorde teneste som predikant. Dei over førti hugsar vel at han var forstandar i Pinsekirken Tabernaklet i Bergen i 13 år fram til 1979, men dei eldre i Betel veit også at han kom til Rossland berre 17 år gammal i 1933.
Han reiste då saman med Willie Hagen. Desse to begynte med husmøte i stova til Ludvig Vikebø. (På biletet ser vi Kent framfor løa og huset på Vikebø.)
Mange kom med under vekkinga som vart, og desse var kjernen i flokken som eit par år seinare bygde bedehuset Sion, og dei var også ein del av menigheten som i dag driv ut i frå Betel på Moldekleiv.
Kent Andersen er fødd i Bergen, men har det meste av oppvekst og ungdom i Kristiansand. Etter vidaregåande skule, gjekk han to år på Ansgarskolen. Han har studert fleire år ved NTNU i Trondheim, der han m.a. tok hovudfag i kristendom. Han har arbeidd som lærar i Sverige, i ungdomsskolen og vidaregåande, samtidig som han gjennom fem år var med og bygde opp ei menighet i ein av drabantbyane til Göteborg.
Det er sjølvsagt ei stor glede å ha Kent med oss denne helga, og vi håpar mange finn vegen til Betel for å ta del i møta.
