Konsert med Solveig Leithaug

Solveig LeithaugOnsdag 26. oktober kl. 19.30 vert det konsert med Solveig Leithaug med gjester på Frekhaug bedehus. Kven gjestene vert er enno ikkje klart, men nokre av dei mange musikalske medlemmene i storfamilien Leithaug kan vi rekne med. (Vi oppdaterer etterkvart som informasjon kjem).

Konserten vart planlagt før Solveig si mor, Helga Leithaug, døydde nyleg. Solveig trur mora hadde ønska at konserten gjekk som planlagt, og difor vert det slik. Konserten vert arrangert som eit samarbeid mellom Frekhaug indremisjon, Norkirken, Betel og Meland kyrkjelyd.