Møte med Elizabeth og Robert Muren

Søndag 15. januarElizabeth og Robert Muren kl. 17.00 blir Elizabeth og Robert Muren med på fellesmøte i Betania Knarvik. Vi kjenner dei frå fleire besøk heilt sidan rundt 2000 då dei reiste til Israel.


Elizabeth hadde ein sterk trang til å finna fram til og støtta dei som hadde vore offer for Holocaust, og som på den tida hadde blitt eldre menneske, og samstundes hadde dei eit ønskje om å formidla til israelarane at Gud ikkje har gløymt folket sitt. Det siste oppnådde dei i stor grad gjennom scene-musikalen The Covenant (pakta) som gjennom fleire år vart vist på store scener rundt om i Israel i tillegg til i USA, Spania, Tyskland og i vårt land. Berre i Israel var det meir enn 50.000 som såg musikalen, særleg skuleelevar og soldatar, men også mange andre.


Både Elizabeth og Robert er musikarar. Dei vil fortelja og gje oss musikalske smakebitar frå det store Jesus-filmprosjektet dei no jobbar med. Målet er å laga ein stor og episk musikalfilm om Jesus, som kan nå heile verda. Dette er eit unikt filmprosjekt og dei jobbar no med amerikanske partnerar for å få planane til å lukkast. Møtet vert såleis ei konsertoppleving med mykje song og musikk.


Elizabeth, med mor frå Halden og far frå Cuba, har meste delen av oppveksten i Honduras og Spania. Robert er vestlending frå Volda. Dei møttest på Hedmarktoppen folkehøyskole der dei begge var tilsette nokre år på 1990-talet.   Med seg har dei også Willy Ludvigsen, dagleg leiar i produksjonsselskapet for Yeshua-filmen.