Om pinserørsla

Rundt 1900 var mange opptekne av det vi les i apostelgjerningane om om korleis apostlane og andre vart fylte med Den Heilage Andre. I samband med dette står det om tungetale og nådegåver. Spørsmålet var om dette var ting som naturleg skulle følgja dei kristne, eller om det var greitt at ein høyrer lite om slike ting etter oldkyrkja.

Her blir ofte ein bibelskule i Kansas nemnt, driven av Parham, og ein av elevane der, William Seymour, som var svart og blind på eitt auga. I 1906 oppstod det ei vekking i Los Angeles, leia av predikanten W.Seymour, og møta her var prega av dei fenomen som sidan skulle bli det nye med pinserørsla.

Til Noreg og Europa kom pinsebodskapen med metodistpresten T.B. Barratt då han kom heim frå ein tur til USA rett før jul i 1906. Frå 1908 vart dei første pisemenighetene stifta. Barratt hadde ein tanke om at det nye skulle vera for alle kristne, men han måtte etterkvart innsjå at dette nye med tungetale og nådegåvepraksis i offentlege møte vekte så mykje motstand at eigne pinseforsamlingar ikkje var til å unngå. Han stifta difor Filadelfiamenigheten i Oslo i 1916 og var leiaren her til han døydde i 1940.

Det nye med pinsevennene var at dei praktiserte forbøn for alle som ønskte å oppleva åndsdåp. I samband med dette var tungetale vanleg. Dette vekte oppsikt. Det gjorde det også når tungetale vart framboren og tyda i offentlege møte. Innslag av profetisk tale, som ikkje hadde med tungetale å gjera, var heller ikkje uvanleg. I det heile la ein vekt på at alle gåvene som Paulus nemner særskilt i 1. Kor 12 kan opplevast i den kristne kyrkja, ikkje minst nådegåva til å lækja i samband medforbøn for sjuke.

Eit anna viktig spørsmål, som skilde pinsevennene frå Den norske kykja, var dåpen der pinsevennene hevda eit baptistisk dåpssyn.