Misjon

Sør-Amerika

Misjonærane Inger Johanne og Inge Bjørnevoll reiste til Paraguay rundt 1970, og der har dei vore engasjerte i ulike typar arbeid det meste av tida som er gått sidan. Det har vore tale om undervisning, sosialt arbeid og sjølvsagt evangelisering og menighetsbygging. Inger Johanne er sjukepleiar, og har hatt god bruk for denne kompetansen i sitt arbeid, medan Inge, som er lærar, har lært seg indianarspråket guarani, og i mange år har han vore engasjert i eit prosjekt for å skaffa lærebøker til dei som har dette språket til morsmål. Betel har vore engasjert i Paraguay i ca 30 år.

Afrika

Pinsevenene sitt største misjonsland i Afrika har fram til 1990-talet vore Kongo. På grunn av opprør og krig, har arbeidet dei siste 15 åra vore mindre basert på misjonærane sin innsats og meir på å støtta lokale kyrkjer. Betel støtta i ein del år arbeidet i Kongo fast.

Andre viktige misjonsland for oss er Kenya, India og Paraguay.

Israel

Dei kristne kyrkjene har historisk hatt eit dårleg forhold til jødefolket. Dette har kome til uttrykk gjennom forfølgjing av jødane i Europa heilt sidan middelalderen. Det toppa seg med nasistane sine utryddingsleirar under 2. verdskrigen der 6 mill. jødar vart drepne. I 1948 fekk jødane sin eigen stat, Israel, men her er det ikkje fritt fram for å driva misjon. Kristne som ønskjer å gjera evangeliet kjent i Israel, har difor brukt ulike innfalsportar i dette landet, anten direkte sosialt arbeid eller ulike former for støtte til oppbygging av landet.

Om Betel Fjernadopsjon

Betel Fjernadopsjon (BFA):


Historien til dette hjelpearbeidet for fattige barn i eit av dei fattigaste område i India går over 30 år tilbake i tid. Tidleg på 70-talet delte Indremisjonen i Austebygda (Hestnes bedehus) og pinsemenigheten, som då heldt til i Betel på Hestdal ei testamentarisk pengegåve etter I. Hestdal. Vi brukte ein del av pengane til ei enkel oppussing av bedehuset og så fekk vi samstundes skifta ut dei gamle trebenkene med stolar, men framleis hadde vi ein del pengar att, som vi gjerne ville investera i arbeidet i Guds rike. Eit besøk av misj. Randi Haugstvedt frå Bergen sette oss på tanken at vi ville hjelpa menigheten i Katihar i India med den nye kyrkja som var under oppføring der. Det vart så teke opp, vedteke og gjennomført. I samband med at kyrkja skulle innviast, fekk Amund Valde, dåverande

Betel og misjon

Misjon har alltid vore ein viktig del av arbeidet på Betel. Gjevartenesta har tradisjonelt sett bestått av to delar; ein til den daglege drifta av menigheten, ein annan til misjon. Dei seinare åra har det årleg vorte arrangert ei messe der inntekta uavkorta går til Betel Fjernadopsjon. Her kan du lesa meir om dei forskjellige stadane Betel Frekhaug er involvert i misjonsarbeid.

Syndiker innhold