BTK - Betel TenKlubb

Eit positivt og trygt miljø med Jesus som forbilde

BTK er ein stor del av tenåringsarbeidet i menigheten. Målgruppa er 6.-10.klasse. Annakvar fredag møtest rundt 40 tenåringar kl.19.00-22.00 på Betel. Der samlast vi først til ei stund med andakt, song og ulike innslag. Etter dette går vi til ulike aktivitetar, som blant anna idrett, forming, singstar, spel og leik, bordtennis og film. Til slutt samlast vi alle igjen i peisestua der kiosken er åpen. Mange kjekke leiarar stiller opp kvar kveld for at miljøet på BTK skal vera positivt og trygt.

Alle i aldersgruppa 6.-10.kl er varmt velkomne på BTK! Sjå programmet for oppdateringar!