TENTRO - frikyrkjeleg konfirmantopplegg

 

Pinsemenigheten har i langt over 50 år hatt eit eige opplegg for dei unge i "konfirmasjonsalderen". Ein har sett dette som viktig sjølv om vi aldri har hatt nokon konfirmasjon som ei stadfesting, slik konfirmasjonen i kyrkja var frå starten. Ein har då undervisning to timar annakvar veke i månadene september - april når elevane går i 9. klasse. Opplegget har ei høgtideleg avslutning. Gjennom denne tida ønskjer ein å gje ei innføring i tema som har med den kristne trua å gjera, og dersom det leg seg gjera praktisk, er det også høve til å ta del i opplegg for tenåringar, som blir drive i menigheten. Det blir også lagt opp til fellesskap av meir sosial karakter, gjerne også ein helgetur.

For spørsmål: Ta kontakt med Øystein Valde, 56 17 73 25 eller 952 77 705